Takk for alle gode minner💗 savner deg🥀🕊️
Takk for gode minner💜
Takk for den du var pappa. Du var ein aktiv og kreativ mann som lærte meg å verta glad i naturen. Eg hugsar alle fine fjellturar på ski og til fots. Eg gløymer ikkje måten du elegant sklei nedover dei bratte fjellsiden i Telemarkstil.
Bak dreibenken trylla du fram dei finaste ting og i seinare tid gav du meg ein nydeleg stol som du og Leidulf hadde laga. Minnene frå deg pryder heimen min, takk pappa
Du lærte meg om bær og frukt, men då eg spurte om å få læra å skifta olje på bilen var det "stopp", det var guttearbeid😍.
Det eg set mest pris på av alt er at du viste meg Jesus gjennom Bibellesing og bønn. Du lærte meg at Jesus er vår beste tilflukt og at i Han er me trygge i tid og æva.
Det er godt å vita at du er heima hos Jesus og at eg kan seia på gjensyn.
"Hjemme i himlen skal lovsangen tone,
mektig som havet når bølgene slår.
Hjemme i himlen blir alle ting nye.
Rene som Jesus om tronen vi står.
Tenk for ein jubel, ja tenk for ein jubel,
då alle frelste er berget i havn.
Tenk for en jubel , ja tenk for en jubel
Lovsangens kilde er Frelsarens navn."
Kvil i fred gode snille pappa