Utan deg Ingebjørg, hadde eg nok ikkje vorte Underdøl. Du tok meg så godt imot då eg kom til byggdi som budeie på Fellestølen i 1983. Du lærde meg ystekunsten og kjærleiken til geitene og tradisjonen. Eg minnest spesielt tida på Langhuso med glede og takksemd. Det du lærde meg vart starten på eit langt yrkesliv. med tradisjonsosten i fokus. Takk og kvil i fred.
Du var budeiene sin lærar og gode kamerat. Viste alltid forståing når me ikkje fekk det til slik som du. Og så smilet ditt, latteren din! Takk for laget, Ingebjørg!